




Klikk for større bilde
Lina lærte oss å gå på slakk line...
Mass-Bendik sin blogg om litt av kvart...


















Sidan eg braut ein finger rett før påske hadde eg eigentleg ikkje lov til å jobbe med ved eller å gå på ski...men det er så kjedeleg å gjere ingenting...









I fjor selde eg masse ved til folk her på øya. Det satsar eg på å gjere til neste haust og. Difor må eg sage tre no... Håpar at eg klarer å lage like mykje ved som i fjor. I dag har eg i alle fall køyrt heim ein del rogn som eg skal kappe, kløyve, tørke og pakke... litt kjedeleg men det blir pengar ein gong:)













Denne kvelden gjekk Ytterøyane 4H på mørketur til Arsen. Vi var 20 personar med på turen. Snøen lava ned. Eg gjekk på ski, men dei fleste gjekk på beina frå Rognaldsvåg, og vi brukte ca av ein halv time fram til Arsen. Der hadde pappa og Ingebjørg gjort klart med bål og faklar. Vi steikte tacolefser med pepperonipølse, tomatbønner og ost (NAM!) og kjempegode svidde pølser m/pinnebrød på bålet + at vi sjølvsagt kosa oss med kakao.
Arsen er ein fin turplass

Klikk for større bilde

Eg sjekka isen på Likjevatnet på fjellet søndagen - den var like tjukk som boren var lang - 10cm

På måneskinnstur til Harefjellet 218 m.o.h. søndag kveld





I dag har pappa og eg jobba litt med skogsarbeid. Eg har prøvd å sage ned nokre store grantre med handsag...men eg ga opp. I dag saga pappa dei for meg med motorsag, då var kvistinga igjen til meg. Dete skal bli flott ved til hausten. Då håpar eg det er mange som vil kjøpe ved av meg. I år har eg selt nesten 100 sekkar:)


















Eg har hatt ein fin haustferie i år. Eg tok bussen til Førde og besøkte søskenbarna mine Ronja og Maja. Vi sykla til Førde sentrum og kjøpte oss dragar og hadde det kjekt i lag. Vi sov lit lite :=)

Tussi og Sprett likar seg i hagen.
Onsdag reiste vi til Stardalen og der prøvde vi dragane, det var kjekt !!!


I Stardalen er det god plass til å springe med dragar, men det var litt lite vind |:
Torsdag reiste vi heim på Reksta. Vi plukka poteter og laga chips...
Supersalt Rekstachips
Laurdag og søndag var vi i Førde og Høyanger. Vi besøkte Lars og Knut og bada - eg hoppa frå 3 meteren!!!

















Eg var på tur på Storefjellet både måndag og tysdag denne veka. Måndag var det nordakuling og tysdag var det overskya - men det var uansett fint på Storefjellet:)
Masse deilige søte blåbær!!!
Måndagen 21. gjekk Amund, mamma og eg på Storefjellet før vi plukka blåbær. Det bles så sterk nordavind at det var nesten vanskeleg å stå på toppen... Det var ein fordel med vinden - knotten bles vekk så vi fekk plukke bæra i fred:)

Klikk for større bilde
Tysdag 22. gjekk Lina, mamma og eg ein kveldstur på Storefjellet, då var det grått vêr, men heldigvis regna det ikkje då vi var der - det var vi hoppande glade for:)

Mamma, Lina og eg er hoppande glade :D



























